Om oss

Gloppen Danseveke

Gloppen Danseveke er eit arrangement for barn i alderen 6-12 år, og finn stad i Trivselshagen på Sandane. Her får barna fagleg solid og pedagogisk oppbygd undervisning i ulike dansesjangrar og stilar. Gruppene verte delte inn i to grupper etter alder, som til dømes 7-9 år og 10-12 år. Dette avhenger av kor mange som er påmeldte i kvar aldersgruppe. Gruppene verte leia av same pedagog gjennom heile veka. Opplegget føregår måndag til torsdag frå klokka 08.30 til klokka 13.00. På torsdagen verte arrangementet avslutta med ei open visning for vener og familie i Kulltursalen i Trivselshagen.

Gruppebilete frå Danseveka i august, 2021
Kven er vi?

Vi er to grunderkvinner ved namn Iselin Kvernevik og Solveig Husevåg Jølstad som har vakse opp på Sandane, og budd i Oslo sidan 2014. Begge er utdanna lektorar i dans gjennom Norges Dansehøyskole, Norges- teknisk-naturvitskaplege universitet, Kunsthøyskolen og Høgskulen på Vestlandet. Vi har stor lidenskap for å formidle dans til barn og unge. Dette er noko vi har lang erfaring med, og god kompetanse på. Vi er glade for å arrangere dette årleg i kulturkommunen Gloppen. Les meir om dansepedagogane på «Om oss».

Vår visjon
  • - Vidareformidle kunnskap og danseglede til barn i eit sosialt fellesskap
  • - Gje barn ein trygg og kjekk stad å vere
  • - Skape engasjement og verdi rundt dans og kultur
  • - Setje søkelyset på Gloppen som ein viktig leverandør av kultur til innbyggjarar og nabokommunar