har vakse opp på Sandane, og bur for tida i Oslo der ho jobbar som utøvande dansar og dansepedagog. Etter vidaregåande gjekk ho eit år på «Dans Forstudium» ved Trøndertun folkehøgskole (2014), før ho utdanna seg som dansar og dansepedagog ved Norges Dansehøyskole (2017). Våren 2017 vart Iselin utvald av leiinga på skulen til å få reise på utveksling til Paris, og var der som dansestudent i 3 månadar. Frå å fullføre ei bachelorgrad i dans med pedagogikk gjekk ho rett vidare til Kunsthøgskulen i Oslo for å ta Praktisk Pedagogisk Utdanning i dans (2018). Denne våren fullførar ho mastergrad i «Dance Studies» som ho tek ved Norges teknisknaturvitenskapelige universitet (NTNU). Ho fullførar òg eit studie i praksisveiledning i lærarutdanningar - dans, i regi av Norges Musikkhøgskole (NMH) og Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO).
er ein frilans dansar og dansepedagog frå Sandane, busett i Oslo. Ho har si utdanning frå Norges Dansehøyskole med ein bachelorgrad i dans med pedagogikk (2017), samt ein «Master of Arts in Dance Studies» frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (2021). I 2019 hadde gjennomførte Solveig eit treningsopphold på to månader i Los Angeles der ho dansa ved Millennium Dance Complex, Edge Performing Arts Center og TMilly TV i Hollywood. Solveig er i dag tilsett ved danselinja på Create vgs, og tek praktisk-pedagogisk utdanning gjennom Høgskulen på Vestlandet.